driti.city
INFO
driti.city
få igjen for driten

driti.city gjer gull av graps

Kloakk verdt ein drit

Slit du med å velja leverandør no som kommunen er ute av biletet?
No som du endeleg har fridom til å bestemme sjølv? Kven gjer deg eigentleg dei beste vilkåra på kloakken din?

Me gjer det enkelt: Cashback på bæsj, takk!

Der andre kloakkleverandørar tar seg grovt betalt vil me i driti.city gje deg løn for strevet.
Du treng ikkje installere septiktank som mellomstasjon eller vente til eit gunstig klokkeslett før du spyler ned.
Med driti.city har du fridom til å spyle ned når enn du vil, og me vil til og med gje deg overskotet tilbake! Tenk det!
Alt du må gjere er å velja ein pakke som passar ditt forbruk, alt etter kor mykje du må kvitta deg med til ein kver tid.

Våre konsulentar står parat til å hjelpe deg med utregninga!

Sett av snaue tre tima og ta kontakt for ein uforpliktande samtale.